Quantcast
Channel: Dagbok – Boba.no
Viewing all articles
Browse latest Browse all 12

Ei veke med Canal Digital

$
0
0

Kontrakten med nettleverandør i burettslaget gjekk ut i mars. Frå 1. april tok Canal Digital over leveransen til eit hundretals bebuarar. Eg er kjent med Canal Digital, og tok motvillig i mot øskja med utstyr som burettslaget delte ut. Internett må eg jo ha, om eg så må bita i det sure eplet og ha Canal Digital i veggen. «Kanskje dei har skjerpa seg sidan eg sist var kunde der», tenkte eg. Eg tenkte feil!

Den 1. april pakka eg ut øskja, kopla til utstyret og venta på at noko skulle skje. Etter å ha venta i åtte timar — to timar etter resten av blokka mi var på nett — tok eg kontakt. Dei kunne ikkje skjøna kvifor det ikkje fungerte hjå meg. Alt var kopla rett. Men så byrja det å demra. Modemet mitt var ikkje mitt. Det skulle eigentleg opp til Tromsø. Eg måtte få nytt modem.

Seinare på kvelden kom dei med eit anna modem. Dette skulle eigentleg til ein annan adresse i burettslaget, men der hadde dei fått dobbeltlevering, så dei hadde eit modem til overs. Dette fekk dei omregistrert til meg i hui og hast, og seint på kvelden hadde eg endeleg både TV i dekodaren og Internett i modemet.

Morgonen etter skulle eg inn på MinSide for å registrera meg. Eg ville jo ikkje sitja og surfa på grunnpakken, som er 2/1 Mbps. Det er tregt på dagens Internett! Eg ville oppgradera til 25 eller 50. Eg måtte berre koma meg inn på sida fyrst… Diverre kravde dei kundenummer, og det hadde eg aldri motteke. Eg sendte ein e-post — for dette er jo eit IT-selskap, og dei svarar vel kjapt på slike enkle spørsmål per e-post, ikkje sant? På kvelden sendte eg ein ny e-post for å etterlysa status. Dagen etter var eg irritert, framleis ingen svar. Eg tok kontakt via nettpraten og etterlyste igjen status på e-posten. Det viste seg at modemet ikkje vart omregistrert til meg, men til tidlegare, avlidne eigar av leilegheita. Kva i!? Kundekonsulenten i nettpraten omregistrerte på nytt og oppgraderte meg til 50/10 med det same.

Det var berre det at TV-dekodaren slutta å fungere i same slengjen. Eg sendte e-post, sjølv om eg no visste at det var den tregaste vegen. TV er uviktig for meg. Så lengje Internett-tilkoplinga fungerer. Eg tenkte difor at eg sendte e-post, og så får det berre fiksa seg sjølv når det fiksast. På morgonkvisten i går fekk eg svar om at TV-dekodaren ville ikkje fungera før eg godtok to tilbod som visstnok var sendt til meg per post. Jaha? Noko sånt har eg aldri sett. Dei la ved kopi, og der stod det noko om leige av utstyr og anna tull som ABSOLUTT ikkje angjekk meg, då eg er under den kollektive avtala i burettslaget og difor ikkje skal betala eit raudt øre for utstyret. Eg ignorerte dette lett. Men «tilbod» nummer to var meir skummel. Her stod det at Internett-tilgangen ville bli skrudd av om eg ikkje aksepterte. Eg hadde ikkje anna val enn å akseptera dette.

Kva skjedde så? Fekk eg signal i dekodaren? Nei, den var framleis daud. Men Internett forsvann…

Eg vart forbanna og tok kontakt. Per telefon denne gongen — kosta kva det kosta vil! Kundekonsulenten rota og styra. Til slutt fann dei feilen. DEI MÅTTE OMREGISTRERA FAENSKAPEN EIN FUCKINGS GONG TIL! Eg var sekundar unna å hiva heile dekodaren hardt og brutalt ut vindauget. Men eg avstod… Vindauget er jo heilt nytt… Etter ein times tid kom Internett-tilgangen tilbake. Vel. Ikkje heilt. Eg fekk tilbake grunnfarta på 2/1 Mbps. Og TV-dekodaren fungerte framleis ikkje. «Ja, den kjem straks» fekk eg til svar. «Og no sender me deg eit nytt tilbod som du må akseptera før me kan setja opp farta di igjen.»

To timar gjekk, framleis treg fart, framleis ingen TV. Eg tok kontakt — IGJEN! Dei kunne ikkje gjera noko som helst før eg aksepterte tilbodet. Jaha, MEN SÅ FOR HELVETE SJÅ TIL Å SENDA MEG DET DER FORDØMTE TILBODET DÅ!

Eit døger seinare, situasjonen har ikkje endra seg. Dekodaren er svart. Modemet er tregt. Og tilbodet er oppdikta, og eksisterer berre i fantasien til Canal Digital.

Ei veke med Canal Digital. Dei har om mogleg vorte verre enn eg hugsar frå sist eg var kunde der…


Viewing all articles
Browse latest Browse all 12